På denne måten går vi fram når vi rustbeskyttar din bil (Mercasol behandling).
1. Demontering:
bilen blir heist opp og hjula blir tatt av(innerskjermar blir demontert ved behandling).
2. Høgtrykksspyling:
Hjulhus og bunnplata blir høgtrykksvaska. Alt laust belegg må vekk.Etter spyling blir alt kontrollert.
3. Tørking:
Bilen tørkar til dag 2 under kraftige vifter. Dette er særs viktig – underlaget må vere heilt tørt før rustbeskyttelsesbehandlinga startar.
4. Detaljbehandling:
Alle hulrom, dører, kanalar og hjulhus blir sprøyta med ei tynn produkt etter eit eige sprøyteskjema. Sprøyteskjema er forskjellig etter kva bilmodell du har.
5. Understellsbehandling:
Bunnplata og hjulhuset blir sprøyte først med eit tynt og krypande produkt. Deretter behandlast desse delene med ein kraftigare rustbeskyttelse for å tåle mekanisk slitasje.
6. Sluttkontrol:
Bilen blir vaska utvendig og sjekka slik at vi kan levere deg ein rein og pen bil. Eit eige rustbeskyttelses setifikat/garantihefte blir skrive ut. No kan du trygt køyre vidare, Mercasol passar på at bilens verdi ikkje blir forringa av rust.